Skal inngå 1600 nye arbeidsavtalar i Kinn

Det er eit stort arbeid som skal på plass for å samordne kommunane Vågsøy og Flora til Kinn. Prosjektorganisasjonen jobbar no med å gi alle tilsette i Kinn nye arbeidsavtalar. F.v. Rolf Bjarne Sund, Terje Heggheim og Jacob Nødseth (sittande). Arkivfoto: Svanhild Breidalen 

Nyheter

Det er eit stort arbeid som skal på plass for å samordne kommunane Vågsøy og Flora til Kinn. Prosjektorganisasjonen jobbar no med å gi alle tilsette i Kinn nye arbeidsavtalar.

– Vi er i drøftingar med programleverandørane, seier prosjektrådmann Terje Heggheim i sitt fredagsbrev.

– Målet må vere at arbeidet kan skje ved å hente opplysningar frå kommunane sine elektroniske personalarkiv med så lite manuell føring som mogeleg, seier han.

Ved inngangen til det nye året skal alle ha nye avtalar på plass.