Personbil tok fyr inne i tunnelen

Foto: Erling Wåge  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Litt etter klokka 16.00 torsdag ettermiddag fekk politiet melding om at hadde teke til å brenne i ein personbil 100 meter inne i Lotetunnelen på e39.

Det var ein person i bilen. Ein annan som kom til hjelpte å sløkkje, og den var delvis sløkt då den vart varsla seier Terje Birkeland ved Alarmsentralen til NRK.


 

Det var ein god del røyk inne i tunnelen og den var stengd ei stund.

Ingen personar vart alvorleg skadde opplyser politiet. Dei to som var inne i tunnelen hadde fått i seg ein del røyk og fekk tilsyn av helsepersonell.