Ja, vi elsker denne dagen ...

Foto: Erling Wåge  Foto: Erling Wåge

Nyheter

I dag er det 17. mai. Det er nasjonaledagen vår. Sola skin og det flotte flagget vårt skal vaie i vårvinden.

I dag skal dei fleste av oss finne fram finstasen og gå ut for å feire nasjonaldagen vår.

Dette er ein stor og viktig dag som vi må ta vare på.

I bygd og by lagar frivillige til fest for å feire vår fridom og velstand.

Vi er imponert over kor flinke mange er til å lage til folkefestar, tog, musikk, leikar og underhaldning for at nasjonaldagen blir til det den blir.

Håpar alle får ein fin dag og ei fin feiring.

Gratulere med dagen til alle.

Helsing Erling Wåge, redaktør.