Måløy Havfiskefestival:

Håpar å få mange på konkurranse-kroken

Torsdag startar Måløy Havfiskefestival 2019 med aktivitetsdag, og fredag og laurdag er det tettpakka program med konkurransar og mykje moro. Denne arrangørgjengen gler seg til tre dagar med kystkultur, fisking, underhaldning og folkeliv. Frå venstre: Rita Holvik Andal, Karin Eltvik, festivalsjef Ann Kristin Bøen og Kjell Oldeide.  Foto: Benedikte Flataker

Vi har variert musikk og mange kjekke aktivitetar for barn, unge og vaksne.

Dagleg leiar Ann Kristin Bøen i Måløy Havfiskefestival
Nyheter

Denne saka stod på trykk på Fjordenes Tidende sine temasider om Måløy Havfiskefestival tirsdag 4. juni.


Eldsjelene i Måløy Havfiskefestival gler seg til å kaste loss og komme i gong med årets festival. Og festivalsjefen veit kva ho ser mest fram til.

Årets utgåve av festivalen går av stabelen torsdag til laurdag, 6.–8. juni, der torsdagen er sett av til ein marin aktivitetsdag for 6. og 7.-klassingar.

– Alt handlar eigentleg om å fremme kystkulturen og kulturen rundt sjømat. Sjølv ser eg spesielt fram til fiskekonkurransane, smiler Ann Kristin Bøen, som nyleg tok over som dagleg leiar i Måløy Havfiskefestival.

Fredagen er det Norges Cup, og aktivitetar frå morgon til kveld på Torget, og laurdag er det også Norges Cup, folkefiskekonkurranse og barnefiskekonkurranse, samt aktivitetar for små og store.

– I folkekonkurransen har vi fått med oss MS «Nybakk», der folk kan melde seg på for å vere med, fortel Bøen.

Populær konkurranse

Kjell Oldeide, som har ansvaret for konkurransane, trekk fram barnefiskekonkurransen som går føre seg laurdag.

– Eg håpar mange ungar stiller opp. Dette er noko av det eg synest er kjekkast med heile festivalen. Det å sjå ungar med fiskestenger, viser at det lovar godt for framtida, seier Oldeide, som peikar på at det tidlegare har vore over 100 barn med, og om lag like mange ivrige foreldre og besteforeldre på lekteren under konkurransen.

Laurdagen er det også klart for folkekonkurranse.

– Her blir det utror laurdag morgon. Folk kan stille med eigen båt, men vi har også leigd inn «Nybakk», som har plass til knappe 20 personar. Vi har fått ein del påmeldingar allereie, så her må folk hive seg rundt.

– Mykje skryt

Dei profesjonelle fiskarane frå Norges Havfiskeforbund skal i aksjon fredag og laurdag.

– Det blir utror på morgonen, og så kjem dei inn til innveging, så det må vi ha litt show og spetakkel rundt, seier Kjell Oldeide.

Han fortel at det er godt med påmeldingar, men at ein i år må dele interessa med Stavanger Havfiskeklubb, som har 50-årsjubileum helga i forkant av havfiskefestivalen.

– Midt i mai hadde vi rundt 25 påmelde, og dette talet vil auke fram mot festivalen. I år er det mange som vel å reise til Stavanger, for å vise respekt til den klubben, seier Oldeide, og held fram:

– Elles får vi mykje skryt for festivalen, og spesielt alle aktivitetane vi har for ungar. Folk gler seg til å kome til Måløy.

– Eg gler meg

Med eit program for små og store, fiskarar og landkrabbar, håpar festivalgjengen at dei har noko å by på for dei aller fleste.

– Vi er godt fornøgde med programmet. Vi har fått til det vi har prøvd på. Vi har variert musikk og mange kjekke aktivitetar for barn, unge og vaksne, fortel Ann Kristin Bøen.

Ho trekk også fram eit nytt programinnslag på festivalen: Måløy treningssenter skal ha fysisk aktivitet for barn og ungdom laurdagen.

I tillegg får festivalpublikummet anledning til å nyte mykje god musikk, og ikkje minst få ein smakebit av gatemat servert av Måløy-restauranten La Voile.

– Vi har sett at gatemat har slått bra an på Eid, så vi ville få til noko liknande. Vi tok kontakt med La Voile, som kunne tenke seg å stille. Så då vil dei dele ut mindre smaksprøvar basert på fisk. Og på Torget blir det også seld fish & chips og bacalao, forklarar Bøen.