Besøker Kosterikjedagane

Venstre sin stortingsrepresentant Abid Raja (2 f.h.) kjem til Kosterikjedagane i dag. Her frå eit tidleagre besøk på Nave Hjortefarm. Arkivfoto: Oline B. Nave  

Nyheter

Fredag 7. juni kjem Abid Raja (V) til Kosterikjedagane. Der får han innblikk i blant anna Stad skipstunnel.

– Han landar på Hovden 13.40, og blir så med varaordførar på Giske, Britt Giske Andersen til Hakallegarden, der vi får ei orientering om Stad skipstunnel av Randi Humborstad. Vidare fer vi til Tunheimsfjøra, så Comfort Syvde, før Isyvde og Kurt Torvanger. På Isyvde skal vi også ha sommarfest for Venstre-laga i området, melder Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande (V).

Deretter skal Raja og følgjet vidare til Kosterikje-teltet, der det skal vere ei uhøgtidleg sope-konkurranse med syvdskostar, ifølgje ordføraren.

Så blir det konsert med Maria Haukaas Mittet.