Her er dei nye forslaga til kommunevåpen i Kinn

Her er forslaga til kommunevåpen for Kinn kommune. Baugen (f.v.), Kinnaklova og Kannesteinen og fyret.  Foto: Privat

Nyheter

Dette er dei tre forslaga til kommunevåpen for Kinn kommune. Dei blei presenterte for fellesnemda i møtet tysdag og innbyggarane  kan no røyste mellom fyrtårn, båtbaug og Kinnaklova/Kannesteinen.

Det er altså no tre forslag til nytt kommunevåpen i Kinn. Dei tre forslaga er:

Byrr deltok med «Baugen»

Kommunevåpenet Baugen er laga av BYRR, eit designbyrå på Nordfjordeid, med tilsette frå Eid og Måløy.

Det er ifølgje selskapet eit abstrakt symbol av baugen på ein båt. Det kan òg vere ei bølgje, ein klippe, ein spydspiss, eller det du ser. Båten er ein fellesnemnar for dei to kommunane, som begge har lange og sterke tradisjonar i marine og maritime næringar. Då vert Baugen eit sterkt symbol på kva samfunna våre er bygd opp av.

Kinnaklova og Kannesteinen

Dette alternativet er laga av Haptiq, eit firma som arbeider med grafikk, animasjon og 3D.  Dei har kontor i Oslo og Florø.

– Kjende motiv frå der hav og sjø møter land i dei to kommunane.  Punkt på land som dei på sjøen kan styre etter. Symboliserer trygg ferdsel langs kysten og sjøområda våre. Kinnaklova og Kannesteinen er framstilt like store og fortel om likeverd og likevekt, kan ein lese i sakspapira om forslaget.

Alternativ tre – fyret

Dette forslaget er laga av Geelmuyden Kiese, Oslo og A til Å, Florø.  – Eit fyr gir overblikk, er maritimt og kraftfylt.  Det viser veg inn i framtida.  Fyret er delt i sektorar. Går du ut av ein, vert du leia inn i ein ny.  Fyret har i alle tider spelt ei sentral rolle for ferdsel langs kysten og til og frå kommunane våre. Følgjer du fyret, finn du fram, kan ein lese om forslaget.

– Må lytte til folket

Jacob Nødseth presenterte forslaga for fellesnemda.

– Arbeidsgruppa har fått mandat om å jobbe fram to forslag til, fordi innbyggarane skal involverast i valg av kommunevåpen. Ber ein folk om råd, så må ein lytte og viss ikkje så blir det endå meir bensin på bålet. Og då er det ikkje hjelp i kor mange brannfolk vi har, sa Jacob Nødseth (V) under presentasjonen. 

– Fyret kjenner dei fleste godt til, i arbeidsgruppa diskuterte vi  Kinnaklova i tradisjonelt perspektiv øvst og Kannesteinen nedst, og så er det ørner med. Eg håpar at folk skjønar at dette ikkje er ein tanngard, men eit seglingsmerke.

Diskusjon om avrøysting

Prosjektrådmann Terje Heggheim orienterte om planane for korleis ein skal kunne røyste på kommunevåpen.

– Planen har vore at folk skal få stemme via nettsidene til lokalavisene Fjordenes Tidende og Firdaposten. Viss vi går inn for det i fellesnemda, blir det ei innbyggarrøysting over to døgn der alle kan røyste ein gong frå kvar PC, mobil eller nettbrett, og ein kan røyste uavhengig av kvar ein bur. Men dette vart det diskusjon om i nemda tysdag.

Ville ikkje at alle får stemme

Frank Willy Djuvik (Frp) meinte det var merkeleg at det vart lagt opp til at folk utanfor kommunegrensene skulle få vere med å stemme over kommunevåpen i nye Kinn kommune.

Geir Oldeide (Raudt) var også klar på at folket må få bestemme.

–  Eg synest ikkje kommunevåpen er så viktig. Men eg synest det er viktig det Djuvik seier, og eg meiner administrasjonen må finne sikre løysingar for korleis avrøystinga skal skje.

– Eg kan sjekke det tekniske og sjekke om det finst andre løysingar, sa Terje Heggheim.