Vil bidra til tryggleik:

– Mi rolle er å opplyse og undervise ungdom i kva seksuell helse er

Aktivt val er eit tilbod til ungdoms- og vidaregåande skular i fylket. Det er tolv sjukepleiarstudentar som har valt å vere seksualopplysarar i ein praksisperiode. Blant desse Trine Sølvberg Vedvik (f.h.), Namitha Hjelle, Bente Slåke og Gunni Yttri. Foto: Privat 

Nyheter

I år har rekordmange skular bedt Sogn og Fjordane Røde Kors om å halde seksualundervising for sine elevar. Trine Sølvberg Vedvik frå Måløy er ei av dei som reiser rundt med undervisninga Aktivt val.