Dei politiske partia stiller til valdebatt på rådhuset

Leiarar og hovudtillitsvalde i Fagforbundet, Utdanningsforbundet, Norsk Sykepleierforbund og Delta i Eid og Selje. Foto: privat 

Nyheter

Onsdag 12. juni inviterer fagorganisasjonane i Selje og Eid dei sju politiske partia som stiller liste ved valet til debatt.

Fagorganisasjonane i Eid og Selje har invitert dei sju politiske partia som stiller liste ved valet til valdebatt onsdag 12. juni.

– Partia har vore positive til arrangementet og fleire av dei stiller med sine ordførarkandidatar, heiter det i ei pressemelding frå fagorganisasjonane.

Valdebatten finn stad i kommunestyresalen på Eid Rådhus  og vert leia av Sindre Roska, som for tida er rådgjevar ved Utdanningsforbundet sitt fylkeskontor i Sogn og Fjordane. Dørene opnar klokka 17, men sjølve debatten startar klokka 18.

Organisasjonane har sendt ut spørsmål til politikarane på førehand slik at dei kan møte godt budde til debatten. Fagorganisasjonane ønskjer å vise korleis kvardagen er for dei tilsette i kommunane sine ulike avdelingar, samt å gi politikarane høve til å meine noko om fleire viktige problemstillingar og utfordringar for dei tilsette. Grunnbemanning, heiltidsval, IKT-satsing, læreplassar, skulestruktur og arealbehov er noko av det som kjem opp under debatten.

– Partia har moglegheit til å ha stand i forkant av debatten slik at dei oppmøte har høve til å stille spørsmål direkte til dei ulike parti og kandidatar. Under debatten vil ein følgje manus når det gjeld dei innsendte spørsmåla, men politikarane vil få eit par minutt på slutten av debatten for å fortelje kvifor ein bør velgje dei som politikarar i nye Stad kommune, heiter det i pressemeldinga.