Nektar å lytte til fylkesmannen

– Vi vektar folketalsvekst høgare enn både jordvern og strandsonevern i denne saka, uttalte Gunn Sande (Sp) i debatten. Her saman med Høgre-politikar Geir Årvik (t.v) og Åge Lundebrekke (Ap). Foto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

Formannskapet vil ikkje gå tilbake på sitt vedtak om å la eit par bygge i strandsona i Honningsvågen på Stadlandet. – Eg har ikkje tenkt til å gi ved dørene i denne saka, seier Marita Aarvik (Frp).