#fjtvår:

Dette er vinnarane i fotokonkurransen

Jostein Barmen, Katrine Aardal og Gerd Kvernevik er dei tre vinnarane av fotokonkurransen #fjtvår.

Vi har plukka ut dei tre vinnarane i #fjtvår-konkurransen som får kvar sitt Fjordenes Tidende-krus. Ein av desse er Jostein Barmen som har sendt inn dette biletet frå Osmundsvåg, som har fått tittelen «Fruer i solnedgang».  Foto: privat

Katrine Aardal har sendt inn dette biletet på Instagram og brukt #fjtvår. Tittelen på biletet er «Blomstrete blomsterjente».  Foto: Marianne Solheim Rotihaug

Det tredje vinnarbiletet er innsendt av Gerd Kvernevik. Bilete viser årets første softis som vart inntatt 4. april.  Foto: Privat

Nyheter

Jostein Barmen har sendt inn eit bilete frå Osmundsvåg som har fått tittelen «Fruer i solnedgang». Den andre fotografen vi har plukka ut som ein av vinnarane i fotokonkurransen er Katrine Aardal. Ho har sendt inn eit bilete ved å bruke #fjtvår på Instagram. Om biletet skriv Katrine: Blomstrete blomsterjente. Gerd Kvernevik har sendt inn det tredje biletet som vi har plukka ut som ein av vinnarane i #fjtvår-konkurransen. Biletet viser årets første softis som vart spist 4. april, skriv innsendaren.

Vinnarane får kvar sitt Fjordenes Tidende-krus sendt i posten.

No startar vi ein ny konkurranse.

Vil du delta i fotosommar-konkurransen vår gjer du følgande: Skriv ein bildetekst som forklarar situasjonen, fortel kven som er med på bildet og kvar det er teke. Avslutt teksten med innsendt av: namn og heimstad. Hugs at bildet må ha høg oppløysning. Send bildet til fjt@fjt.no. Du kan også delta ved å bruke emneknaggen #fjtsommar på Instagram.

Vi vil plukke ut nokre av bilda og presentere dei i avisa, på Instagram og fjt.no utover sommaren. Alle som sender inn bilete er med i trekninga av eit GoPro-kamera.