Sette nye rekordar i vått vêr

– Det var ganske tungt, seier Ingebrigt Nes Hjelle (15) og Magnus Skeide Bakke (16) frå Eid som deltok i konkurranseklassa under Rett Vest måndag.
Nyheter

Fjelløpet, som blir arrangert av Stadlandet IL, gjekk som tidlegare over ei 13,2 kilometer lang løype frå Dragseidet til Refsnes i Ervik på ytre Stadlandet. I tillegg var det eit rebusløp for familiar rundt Ervikvatnet på 6,7 kilometer.