Elevar frå Stad gjekk vidare til landsfinale

Karen Lynn Refsnes og Nickolas Borgundvåg Otneim gjorde det skarpt i «Sikker på sykkel».

Sykkel: Nickolas (t.v.) og Karen (t.h.) reiste til Oslo. Her med Noah og Julia på distriktsfinale. Foto: privat 

Nyheter

Dei to er elevar ved Stadlandet skule, som tidlegare i vår melde seg på «Sikker på sykkel», etter invitasjon frå NAF avdeling Nordfjordeid. Elevane i 4.–6. klasse gjennomførte då både teoriundervisning og praktisk sykkelprøve.

– Vi sende dei to beste jentene, Karen Lynn Refsnes og Julia Sande Drage, og dei to beste gutane, Noah Otneim Leikanger og Nickolas Borgundvåg Otneim, til distriktsfinalen i Førde, og jammen gjekk to av dei vidare til landsfinalen i Oslo, fortel lærar Maj Britt Aam Hamre.

Elevane Karen Lynn Refsnes og Nickolas Borgundvåg Otneim fekk dermed ein tur til Oslo og finalen, som gjekk av stabelen i Letohallen 1. juni der om lag 50 barn frå heile landet deltok.

– Elevane hadde både teoretisk og praktisk prøve, og fekk bryne seg skikkeleg! Nickolas gjorde det skarpt, og kom på 4.-plass, berre to prikkar bak 3.-plassen. Hurra! fortel ein stolt lærar.