Kan gå mot ny meisterskap for festivalen

– Dersom vi har lyst, er det stor sjanse for at vi blir tildelt NM i havfiske for neste år, seier Per Henning Hageland.

Rosa arrangementet: Tobias Baltzersen, Per Moen, Finn Kristiansen og Kari Damstuen frå Båstad Havfiskeklubb hadde berre gode ord å kome med om både festivalen og Måløy. – Eg har vore her fleire gongar og synest det er veldig triveleg her, seier Moen. foto: Julianne Flølo 

Nyheter

Han er styremedlem i Nordfjord Havfiskeklubb, og fortel at dei også i år har fått mykje skryt for cupen og arrangementet.