Slik blir den politiske organiseringa i Stad

Då den politiske organiseringa i Stad kommune vart diskutert tok Siri Sandvik (Ap) til orde for å ha fire politiske utval.

Må få oppgåver: Ap-politikar Siri Sandvik (t.h.) understreka viktigheita av at alle politikarane som vert valt inn i Stad får oppgåver. Her med Judith Kvåle. Foto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

– I diskusjonen om vi skal ha tre eller fire utval så har Arbeidarpartiet enda på at fire utval, i alle fall i den første perioden er viktig. Det er sjølvsagt ein føresetnad at alle i kommunestyret skal få plass, men det får vi når vi vel utvalsmodellen, men med fire utval med sju medlemmar i kvart av dei, så betyr det at nokre fleire enn dei i kommunestyret får fast plass, sa Sandvik, og heldt fram:

– Det er viktig at flest mogleg av politikarane får ordentlege oppgåver, og ikkje berre blir kalla inn kvart jubelår. Vi må tenke langsiktig, vi skal rekruttere nye politikarar til neste val.

I høyringsrunden var partia delte i spørsmålet om ein skulle ha tre eller fire utval. SV, Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti ønskte tre hovudutval, medan Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Framstegspartiet ønskte fire hovudutval som spegla den administrative organiseringa.

Politikarane vart til slutt einige om denne organiseringa:

1. Alle medlemmene i kommunestyret (33) skal kunne ha plass i formannskapet, dei faste utvala og kontrollutvalet.

2. Formannskapet skal ha ni medlemmer og handsamar overordna plansaker i tråd med §§ 10 og 11 i plan- og bygningslova.

3. Eit av medlemmene i formannskapet skal ha funksjon som representant for barn og unge i plansaker.

4. Den politiske organiseringa er basert på fire utval med sju medlemmer.

5. Formannskapet er klageorgan i enkeltvedtak gjort i medhald av forvaltningslova § 28 andre ledd (gjeld saker som ikkje er regulerte i særlov).

6. Formannskapet sine medlemmer representerer samla kommunen i partssamansett utval. I tillegg skal det vere tre tillitsvalde.

7. Stad kommune skal ha eit kontrollutval med fem medlemmer (lova sitt minimumskrav).

8. Det blir oppretta eldreråd, råd for menneske med nedsett funksjonsevne og ungdomsråd. Korleis samansettinga blir vil bli bestemt i reglement for råda.

9. Alle politiske møte skal gjennomførast på dagtid.

10. Alle møte med unnatak av kommunestyret skal gjennomførast i same veke. Kommunestyret skal gjennomførast i etterfølgjande veke.

Alfred Bjørlo (V) la fram forslag til eit tilleggspunkt: «Leiar eller anna peikar ut representant frå ungdomsrådet som skal ha møte- og talerett i kommunestyret.». Dette vart samrøystes tatt inn som eit punkt nummer 11 i vedtaket.