Legg opp til å byte batteri

Ein ser for seg at den planlagte elektriske hurtigbåten får skrog i avansert kompositt. Dette testskroget er utvikla av Easy Form.  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

Den elektriske hurtig- båten skal ikkje ladast. Ein legg opp til å skifte batteri ved behov i samband med stopp for å sleppe av og på passasjerar.

– Hurtigbåtar er spesielt energikrevjande sidan dei skal kunne ha med mange passasjerar og i tillegg gå fort. Det er utfordrande å finne nullutsleppsløysingar for ein båt som er så tung, 40 meter lang, går i 32,5 knop med 275 passasjerar. Og på toppen skal han kunne gå lange strekningar, seier dagleg leiar Vegard Å. Larssen i Stadt Towing Tank.

Ifølgje gruppa er dette banebrytande arbeid med brei kompetanse samla.

– Modellen er bygd av Easy Form. Vi ser for oss at materialet på skroget skal byggast i avansert kompositt.

Vi får bli med på ein testtur for å sjå skroget bryte gjennom vatnet i 32,5 knop, og vi kan konstatere at påstanden om at det ikkje skaper bølgjer, er sann.

– Også propellsystemet er nyutvikla. Det er eit firemotors anlegg med redundans spesialtilpassa fartøyet.