Støttar småbåtlaget

Nyheter

Flatraket får økonomisk støtte til utbetring ved småbåthamna.

Flatraket Småbåtlag har søkt Selje kommune om støtte til utbetring av tilkomst og parkering ved småbåthamna på Flatraket. Den totale kostnaden for utbetringa som snart er ferdigstilt vil ifølge småbåtlaget kome på om lag 300.000 kroner. Rådmannen si innstilling var å støtte småbåtlaget med 50.000 kroner, men etter framlegg frå Judith Kvåle (Tvp) vart støtta auka til 100.000 kroner.