Skal løpe Molda til topps på laurdag

Motbakke: Laurdag er det klart for motbakkeløpet Molda Opp.  Foto: Arne Loftheim

Nyheter

Laurdag arrangerer Svelgen Turn- og Idrettsforening motbakkeløpet Molda Opp.

Løpet har både konkurranse- og mosjonsklasse.

– Løpet er 3 km langt og har ein høgdeforskjell på ca 350 meter, forklarar Jørgen Midtbø Bjørkedal i STIF i ei pressemelding.

Løpet startar i Breivika og går i starten på asfalt på gang- og sykkelsti. Deretter går løpet på skogsveg, før siste del av løpet går på sti opp til sjølve Moldahytta. I mosjonsklassen kan ein velge å starte ved skogsvegen.

– Etter løpet blir det sal av mat og fin premiering ved Moldahytta, seier Bjørkedal.

Vinnaren i dame- og herreklassen får 2.000 kroner i premie.

STIF tek imot påmelding i konkurranseklassen fram til ein time før start ved Svelgen idrettshus eller ved e-post til idrettsforeininga.

– I mosjonsklassen registrerer ein seg når ein kjem i mål, seier Bjørkedal.

Det er gratis å vere med på løpet, og garderobar er tilgjengeleg i Svelgen idrettshus.