Lei av all negativiteten:

«Bles» hjartebobler over heimkommunen

Eva Marie Pleym har fått nok av negativitet og krangel i Vågsøy, og ho er ikkje åleine. Eit innlegg på Facebook der ho ber folk framsnakke heimkommunen i staden for å spreie krangel og negativitet, har engasjert.

hjartebobler over vågsøy: Eva Marie Pleym sitt innlegg på Facebook der ho oppfordrar vågsøyværingar om «å blåse» hjartebobler i staden for negativitet over Vågsøy har engasjert mange. Pleym ber folk tenkje på omdømmet til heimkommunen. – Vi må snu sanninga om at Vågsøy betyr krangel og uro, seier Pleym. foto: Eva Westvik 

Nyheter

I dag tenker eg på framsnakking – kva er det som kjem ut av munnen vår. (...) Vi kan velje å spreie negativitet eller positivitet. Slik startar innlegget frå vågsøyværingen Eva Marie Pleym frå Refvik, eit innlegg som har fått hundrevis av tomlar opp.