Inviterer til vandring og forteljarstund ved dagsturhytta

Selje folkeboksamling og vaksenopplæringa inviterer busette flyktningar og innvandrarar saman med lokalbefolkninga til tur til dagsturhytta onsdag.

Møte: Det blir vandring til dagsturhytta i Selje 19. juni. Arkivfoto: Siri Kolseth  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

Her vert det forteljestund av Gilgamesh – kongen som nekta å døy av og med Rolf Losnegård.

– Målet er å skape gode møte mellom nye og etablerte innbyggarar i kommunen, og å leggje til rette for ei felles natur- og kulturoppleving. Ved å gjere kjent den norske turtradisjonen og inspirere fleire til turglede og uteaktivitet, kan møteplassar som dagsturhytta bidra til å byggje tilhøyrsle i lokalsamfunna, heiter det i invitasjonen.

Gilgamesh – kongen som nekta å døy er ei forteljarstund Losnegård tidlegare har hatt på Litteraturhuset i Bergen og rundt i Sogn og Fjordane.