Frå i dag blir det endring i fleire bussruter

Skal du reise med buss i Nordfjord og resten av fylket, kan det vere lurt å oppdatere seg på endringar.

Skal du reise med buss i Nordfjord og resten av fylket, kan det vere lurt å oppdatere seg på endringar. Arkivfoto: Erling Wåge. 

Nyheter

Endringane gjeld mellom anna ei laurdagsrute frå Svelgen til Florø, som blir framskunda 20 minutt i forhold til tidlegare rutetider. Denne vil no gå frå Svelgen kl 08.10, med ankomst Florø kl 09.20, og korrespondanse frå Grov til Førde kl 09.00. Det blir også endringar i ein laurdagsavgang mellom Florø og Førde. Kringom skriv på sine nettsider at endringane er gjort for å sikre betre korrespondanse med ekspressbåt og lokalbåtar.