– Her er det eit uforløyst potensial

Sidan 2014 har det blitt stadig færre som besøker Selja Kloster. Men eit forprosjekt, utført at PwC, viser at det er stort potensial for vekst.

Eit forprosjekt i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune, utført av PwC, peiker på at det er stort potensial for vekst i aktiviteten ved Selja Kloster. Arkivfoto: Jo Carlson 

Nyheter

– Optimisme i 2014 førte til investering i ny «klosterbåt» etterfølgt av ein negativ utvikling i tal passasjerar. Tal kommersielle overnattingar i Nordfjord i 2018 var 407.466. Det er ei erkjenning at det er for få besøkande, til ein unik destinasjon som Selja Kloster. Her må det vere eit uforløyst potensial, sa Frederik Lindvik i PwC i eit felles kommunestyremøte for Eid og Selje torsdag.