Trening har fått Arvid tilbake i båten

Arvid Midthjell i Ålfoten måtte ha hjelp til alt etter to hofteoperasjonar. Ved hjelp av kvardagsrehabilitering er han no så oppegåande at han dreg på sjøen og fiskar åleine.

Arvid Midthjell (85) held seg til båtripa og gjer øvingar for å styrke hofteledd og bein med rettleiing frå Gerd Indredavik. Styrketrening i bein, mage og rygg, samt spaserturar er av det som blir lagt vekt på i kvardagsrehabilitering. Begge foto: Jørn-Arne Tomasgard 

Nyheter

– Eg var på sjukeheimen i Kalvåg etter den siste operasjonen og måtte ha hjelp til både å kome meg opp i senga og på do. Eg blir aldri slik eg var, til det er krafta frå hoftene og ned for svak. Men eg klarer å gå turar, hogge ved og hjelpe til med ymse gjeremål på garden. Og no må eg snart få båten på fjorden slik at vi kan få oss røykelaks til jul, seier Arvid Midthjell (85).