Får meir pengar til samfunnsutvikling

Eit samrøystes kommunestyre i Selje vedtok torsdag å auke rådmannen si ramme med 600.000 kroner for å få ferdigstilt reiselivs- og samfunnsutviklingsstrategien.

Selje-rådmann Kristine Dahl får auka sitt budsjett med 600.000 kroner. Arkivfoto 

Nyheter

Bakgrunnen for vedtaket er at kommunestyrerepresentant Geir Årvik (H) sende følgande spørsmål til rådmannen: «Med all aktivitet som no er i gang, har vi dei ressursane som er nødvendige for å i tillegg til alt du nemnde, gjennomføre reiselivs- og samfunnsutviklingsstrategien på ein tilfredsstillande måte?».