Ser ei jamn auke i omsetnaden

For Azadeh Wilson og Ståle Åhjem peikar omsetnaden berre ein veg. Og med overtaking av tankanlegget på Åheim har Eltvik & Åhjem skaffa seg fleire oppdrag og meir arbeid.

Eltvik & Åhjem: Azadeh Wilson (f.v.) og Ståle Åhjem (nr. 3 f.v.) fortel at hardt arbeid har teke selskapet der det er i dag. Tankanlegget og puben tilset til saman 14 personar, og omsetnaden har auka jamt og trutt dei siste ti åra. Her saman med Mehran Michal Ghanei (bak) og Ewa Wasawicz (t.h.).  Foto: Janne Weltzien Listhaug

Nyheter

Omsetnaden for bedrifta har auka jamt og trutt sidan selskapet i si noverande form kom til for rundt ti år sidan. Tal som Fjordenes Tidende har henta frå Purehelp.no viser at omsetnaden har auka frå rundt 15 millionar for ni år sidan til 51 millionar kroner i 2017.