Politiet jaga heim rusa kranglefantar

Laurdag kveld under Måløydagane så måtte politiet ta seg av fire personar i Måløy sentrum som var rusa og som laga bråk.

Foto: Fjordenes Tidende 

Nyheter

Det opplyser politibetjent i Vågsøy, Stian Lauritzen.

To personar fekk ordre om å halde seg borte frå sentrum resten av fredag kveld fordi dei laga kvalme både for andre gjester som var ute og for politiet. Etter berre nokre minuttar kom dei likevel tilbake. Det enda med at dei blir melde og kan vente seg ein reaksjon på at dei ikkje retta seg etter ordre frå politiet om å halde seg borte.

Laurdag vart ein person vist bort frå sentrum av same grunn. Også han kom tilbake og kan vente seg ein reaksjon frå politiet.

I tillegg så kom politiet over ein 17 år gamal gut som stod i sentrum og drakk øl.

- Vi ringde til mor til guten som etter kort tid kom å henta han. Det er urovekkande at personar under 18 år er ute og drikk alkohol. Kanskje foreldre skulle sjekka litt meir opp i kva barna deira driv med, seier Lauritzen.

Han kan fortelje at det var veldig mykje folk ute i Måløy sentrum både fredag og laurdag, og at dei aller fleste var i veldig god stemning og at det meste gjekk fint føre seg.