Flesteparten får førstevalet til vidaregåande skule

89 prosent av søkjarane med ungdomsrett i Sogn og Fjordane får sitt førsteval til vidaregåande skule.

Dei fleste får sitt førsteval til vidaregåande skuleplass i Sogn og Fjordane. På biletet er Eid vidaregåande skule. Arkivfoto: Janne Weltzien Listhaug. 

Nyheter

Det tilsvarer 3614 søkjarar.

– Også i år kan vi tilby majoriteten av dei unge det opplæringstilbodet dei har som førsteprioritet. Det er svært gledeleg, seier Tor-Einar Skinlo, assisterande fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune, i ei pressemelding.

Til saman 4469 har søkt om skuleplass i Sogn og Fjordane til skuleåret 2019–2020. Av desse har 4051 ungdomsrett.

44 søkjarar får i år tilbod om vidaregåande opplæring i andre fylke. Det gjeld søkjarar som har rett til opplæring i nabofylke gjennom Hordalandsavtalen, og søkjarar til tilbod som ikkje finst i Sogn og Fjordane, kjem det fram i pressemeldinga.

Etter det første inntaket er det om lag 190 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass vil få tilbod i andre inntak, eller etter at skulane tek over inntaket frå 12. august.

Alle søkjarar utan ungdomsrett står på venteliste, og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane har teke over inntaket frå 12. august.

Det andre inntaket på skuleplassar er den 26. juli.

37 ledige plassar på Måløy og Eid vidaregåande skular

Ved dei vidaregåande skulane i Måløy og på Eid er det høvesvis 19 og 18 ledige skuleplassar. På første trinn ved Eid vidaregåande skule er alle plassane fylt opp, medan det er fem ledige plassar på første trinnet i Måløy.