Forseinking i levering av nye ferjekort

Dersom du har bestilt det nye AutoPASS-ferjekortet dei siste dagane, kan ventetida bli litt lengre enn forventa.

Det er blitt ei forseinking i levering av nye AutoPASS-ferjekort.  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

Årsaka til forseinkinga er ein svikt i leveringa frå produsenten av korta, står det i ei pressemelding frå Statens Vegvesen.

– Dei som har betalt sine forskot måndag eller seinare denne veka og ventar å få tilsendt sine kort, vil oppleve ei forseinking på nokre dagar. Vi ventar at utsendinga av kort er tilbake til normalen i løpet av kort tid, seier Dag Hole i Statens vegvesen.

Dei arbeider no med å løyse situasjonen, og i pressemeldinga kjem det fram at dei som har rett på rabatt vil få denne betalt tilbake.

– Vi har oversikt over kundane dette gjeld og desse vil bli informert direkte.