Fylkesmannen stoppar bygging etter klage

Fylkesmannen har oppheva Eid kommune sitt vedtak om bygging av forretningsbygg i Lunden. Arbeidet vert stansa inntil ein har gyldig løyve.

Fylkesmannen har oppheva Eid kommune sitt vedtak om bygging av forretningsbygg i Lunden. Foto: Arkiv. 

Nyheter

Det melder Fjordabladet.

Nordplan AS søkte på vegner av Lunden Handelspark AS om etablering av forretningsbygg på eigedomen i Lunden. Teknisk- og samfunnsutvalet godtok søknaden, men Statens vegvesen klaga på vedtaket. I klagen vart det vist til at det i reguleringsplanen ikkje er opna for detaljhandel i området, skriv avisa.

Fylkesmannen har handsama klagen frå vegvesenet og lagt til grunn at hovudregelen er at all handelsverksemd skal lokaliserast innanfor det definerte sentrumsområde i ein by/tettstad.