Handterer 17.000 containerar årleg

Containerhamna i Måløy handterte 17.000 20 fots containerar og omsette for kring 20 millionar kroner i 2018. Drifta er stabil og god, ifølgje avdelingsleiar Odd Arild Gotteberg.

Som tredje parts verksemd er vi prisgitt aktiviteten rundt oss.

Odd Arild Gotteberg, avdelingsleiar
Nyheter

– Vi er ein del av Bring og har felles rekneskap. Men vi har kontroll på resultatet lokalt i Måløy. I fjor omsette vi for omkring 20 millionar kroner og leverte eit fint plussresultat. Vi hadde eit veldig løft frå 2010–2011 til 2015. Dei siste åra har vi handtert frå 13.000 til 18.300 TEU, som er måleeininga vi held oss til, fortel Gotteberg.