Oppmodar eigarkommunane til miljøsamarbeid

Eid kommune oppfordrar dei andre eigarkommunane i Nordfjord Hamn til å slutte seg til krav om ei miljøvenleg cruisenæring.

Eid kommune oppfordrar dei andre eigarkommunane i Nordfjord Hamn til å slutte seg til krav om ei miljøvenleg cruisenæring. Foto: Arkiv. 

Nyheter

Formannskapet i Eid kommune vedtok samrøystes å slutte seg til desse krava, og no har dei sendt oppmodinga vidare til Vågsøy, Selje, Gloppen og Stryn, som er dei andre eigarkommunane i Nordfjord Hamn.

Dette gjer Eid for at Nordfjord skal stå samla om strenge miljøkrav til cruisenæringa, står det i vedtaket frå formannskapet.

Krava som Eid kommune har slutta seg til, er ei felleserklæring frå fleire store norske cruise-kommunar som ønsker eit større fokus på miljø innan cruisenæringa.

Eid kommune vil no følgje opp saka i samarbeid med Seawalk Nordfjord AS, som står for drifta av cruisehamna i nordfjordbygda. Dei vil mellom anna arbeide med å etablere landstraum og miljødifferensiere avgifter for anløpande cruiseskip til Port of Nordfjordeid.