Vil ha Vegvesenet på synfaring

Eid kommune ønsker at Statens Vegvesen skal sjå på krysset til Tømmerstøl ved riksveg 15.

Eid kommune ønsker at Statens Vegvesen skal sjå på krysset til Tømmerstøl ved riksveg 15. Strekninga på biletet har ikkje noko med saka å gjere. Arkivfoto: Erling Wåge.  Foto: Erling Wåge Erling Wåge

Nyheter

Det er bebuarar i området som har teke initiativ til saka, ettersom dei er uroa over fleire trafikkfarlege situasjonar i krysset, som ligg mellom Kjølsdalen og Stårheim på riksveg 15.

På staden er det 80-sone, og krysset blir rekna for å vere lite oversiktleg grunna hindringar i terrenget som gjev dårleg sikt for trafikantar på strekninga.

Statens Vegvesen har tidlegare vore på synfaring i området, men ikkje gjort tiltak knytta til trafikksikring i avkøyringa. No ønsker altså Eid at Vegvesenet skal komme på ei ny synfaring, og vurdere om ein kan iverksetje tiltak for å betre tryggleiken i krysset.