Brann i uthus på Nordfjordeid under kontroll

Det oppstod brann i eit uthus søndag morgon.
Nyheter

Politiet meldte om lag halv 10 søndag morgon om brann i eit uthus på Nordfjordeid. Det skal ikkje ha vore personar i bygget, og ikkje fare for spreiing.

Litt seinare melde politiet at huset var overtent.

Klokka 10.18 pågår det etterslokking på staden, og brannvesenet har kontroll. Uthuset skal ha blitt brukt i forbindelse med eit sosialt lag natt til søndag. Mogleg brannårsak kan i følgje politiet vere flammar eller glør frå peis eller gløymde stearinlys.