Vil gjenreise museet

Gruppa «Kulturhistoriske informasjonsprosjekt» jobbar med å hente gjenstandar frå den militære historia på Eid tilbake frå Oslo. Tanken er å reetablere Hærmuseet og gjere det til del av turistløypa.

Det vil styrkje Eid som turiststad om ein får på plass fleire attraksjonar.

John Olav Vereide
Nyheter

– Det er ei satsing på turisme på Eid for tida, og tanken er at Hærmuseet kan bli ein del av løypa gjennom sentrum, slik at endå fleire delar av historia her kan kome fram i lyset. Det vil styrkje Eid som turiststad om ein får på plass fleire attraksjonar, meiner John Olav Vereide, initiativtakar til foreininga Kulturhistoriske informasjonsprosjekt danna i 2016.