Kommune- og fylkestingsvalet 2019:

– Vi må gjere oss attraktive

Ordførarkandidat Alfred Bjørlo seier ein ikkje kjempar mot Kinn eller Stryn om busetting og næringsdrivande, men mot «vekstmagnetane» Oslo og Bergen. – Å klare å vere attraktive nok som stad å bu og drive næring i, i ei tid med sterk sentralisering inn mot dei største byane, blir det mest utfordrande i Stad. Vi kjempar ikkje mot Kinn eller Stryn – vi er «i same båt» og må samarbeide – men mot «vekstmagnetane» Oslo og Bergen, seier ordførarkandidaten.  Foto: Privat

Nyheter

Namn: Alfred Jens Bjørlo

Alder: 46 år

Bustad: Bjørlo

Yrke: Ordførar i Eid


Ordførarkandidat Alfred Bjørlo i Stad Venstre meiner den største utfordringa for kommunen er å vere attraktiv nok for busetting og næringsdrivande.


– Kvifor bør innbyggjarane i nye Stad kommune stemme på ditt parti?

– Eit sterkt Venstre i Stad vil sikre at den nye kommunen har gjennomføringskraft og samarbeidsånd, og blir ein god stad å bu og drive næring. Venstre vil ta den gode utviklinga i Eid dei siste åtte åra vidare inn i Stad: Vi har synt i praksis at vi kan få gjort ting, ikkje berre prate om det!


– Kvifor vil du bli ordførar?

– Fordi eg trur Eid, Selje og Bryggja kan få til fantastiske ting i åra som kjem. Som ordførar i Eid har eg hatt gleda av å leie ein kommune i rivande utvikling. Det har eg lyst å ta vidare og utvikle i heile nye Stad. Eg kan love å stå på like hardt som ordførar i Stad som eg har gjort i åtte år i Eid!


– Kva er det første du vil gjere som ordførar?

– Setje av to veker til å reise rundt til alle små og store stadar og bygder i Stad kommune for å møte folk og få innspel – Stad skal vere ein kommune der folk blir høyrt og tatt på alvor.


– Kven vil ditt parti samarbeide med etter valet?

– Det har vi ikkje tatt stilling til. Men vi har god tradisjon i Eid for å finne gode løysingar og skape godt samarbeidsklima over partigrensene.


– Kva blir det beste med Stad kommune?

– Ein enorm guts, dugnadsånd og ståpå-vilje blant folk flest. Eit kommunesenter (Nordfjordeid) som er i ferd med å bli det kraftsenteret i Nordfjord mange har etterlyst. Eit næringsliv i rivande vekst og utvikling – ikkje minst på kysten, og endå meir når Stad Skipstunnel kjem. Stad blir den største samanhengande kystkommunen mellom Alver og Ålesund!


– Kva blir det mest utfordrande med Stad kommune?

– Å klare å vere attraktive nok som stad å bu og drive næring i, i ei tid med sterk sentralisering inn mot dei største byane. Vi kjempar ikkje mot Kinn eller Stryn – vi er «i same båt» og må samarbeide – men mot «vekstmagnetane» Oslo og Bergen.


– Kva likar du å gjere på fritida?

– Tømme hovudet med å trene, vere ute i naturen og spele musikk – og finne tid til heimekos.


– Kven ville du invitert med på jordomsegling og kvifor?

– Sigmund Larsen i Kystlaget Hornelen, fordi han kan å segle og ville sørge for å få oss levande frå det.


– Kva er ein perfekt kveld for deg og kvifor?

– Først ein kjapp fjelltur, til dømes til Trollenyken, i kveldssol med musikk på øyret. Så heimekos med Magni på Bjørlo med god mat og eit par glas bobler.


– Kva høyrer du på i bilen?

– Gode podkastar/radio, særleg Krisemøte, Rekommandert, «Sånn er du», Aftenpodden og Giæver & gjengen. Og bilmusikk – det vil seie gammal og ny rock. For tida går The Dogs for full guffe som opplading til Malakoff.


Partiet sine viktigaste saker:

Skape folketalsvekst og tilflytting i Stad

Oppvekst og fritid: Gode skular og barnehagar, satse på kultur, idrett og frivilligheit

Ny næringsutvikling og nye arbeidsplassar


Slik ser heile Stad Venstre si liste ut:

1 Alfred Bjørlo 1972 Nordfjordeid
2 Helle Frogner 1978 Ervik
3 Knut Tore Nes Hjelle 1972 Hjelle
4 Kristianne Nore 1974 Bryggja
5 Gunnar Silden 1952 Selje
6 Kirsti Ohrvik Olsen 1969 Hjelle
7 Anna Teresa Villar Sundal 2001 Haugen
8 Kariann Myklebust Fagerli 1977 Barmen
9 Sylvia Hammersvik 1949 Stårheim
10 Stig Gunnar Myren 1968 Nordfjordeid
11 Svein Rotevatn 1954 Nordfjordeid
12 Jon Frogner 1977 Ervik
13 Ingebjørg Flyum Bjørlo 2000 Nordfjordeid
14 Ole-Ansger Nepomuk Martini 1999 Kjølsdalen
15 Marilyn Osmundsvåg 1969 Selje
16 Svein Arne Henjesand 1963 Nordfjordeid
17 Solveig Sandven Kjesbu 1978 Nordfjordeid
18 Anita Otneim Hoddevik 1970 Selje
19 Inge Adelsten Engebretsen 1971 Nordfjordeid
20 Linda Gotteberg 1968 Nordfjordeid
21 Joachim Scobie 1969 Nordfjordeid
22 Håvard Fagerli 1976 Barmen
23 Vidar Rasmussen 1946 Nordfjordeid
24 Jorunn Breiteig 1963 Kjølsdalen
25 Bettina Vick 1971 Selje
26 Arve Dahl 1945 Nordfjordeid
27 Siv Langøen Rotevatn 1958 Nordfjordeid
28 Ståle Åhjem 1962 Selje
29 Yngve Løkken Kjørstad 1977 Nordfjordeid
30 Webjørn Moa 1948 Nordfjordeid
31 Svanhild Otterøy Lothe 1944 Lote
32 Julie Ervik 1990 Ervik
33 Brit Moa 1950 Nordfjordeid
34 Ole Herman Ludvigsen 1977 Nordfjordeid
35 Gabriel Frogner 2001 Ervik
36 Karoline Austring 1986 Selje
37 Hilde Henriksen 1953 Nordfjordeid
38 Gunvald Ludvigsen 1949 Nordfjordeid
39 Johan Kroken 1943 Flatraket