Tok beslag i ulovleg garn

Eit krokgarn med samla lengde på 100 meter vart tatt i beslag på Hunsnes i Refvik tysdag, melder Statens Naturoppsyn.

Beslaget vart gjort i Refvik i Vågsøy.  Foto: Statens naturoppsyn

Nyheter

– Det var ikkje noko fangst i garnet, men det er mest truleg sett ut for å fange laks, seier Stig Inge Hauge i Statens naturoppsyn til Fjordenes Tidende.