Rosar dugnadsinnsats før etterlengta opning

– Fredag 5. juli kom endeleg Vetehytta på plass på Veten i ytre Bremanger. Vegen dit har vore lang, men takka vere lokalt engasjement og sterk dugnadsånd kom den på plass, fortel Grete Berntzen som er kultursjef i Bremanger.

– Det er i Bremanger si ånd å opne dagsturhytta med musikk, seier Grete Berntzen som er kultursjef i kommunen. Ifølgje henne er det mange som er glade for at hytta endeleg er på plass og klar til opning. foto: privat 

Nyheter

Førre fredag (28. juni) fekk kommunen beskjed frå firmaet som skulle montere hytta, Reknes Byggjevarer L.L, om at Dagsturhytta i Bremanger ikkje ville komme på plass før til hausten grunna ferieavvikling og dårleg ver.