Stad kommune flyttar ut til Malakoff

Nye Stad kommune feirar Malakoff Rockfestival med å flytte ut i Eidsgata 16.-19. juli 2019. Det er åttande år på rad det blir «uteordførar-kontor» på Nordfjordeid i Malakoff-veka.

Ordførar i Eid Alfred Bjørlo vil saman med ordførar-kollega Stein Robert Osdal i Selje vere vertskap for utekontoret til Stad kommune, som blir rigga til på Badstuplassen i Eidsgata. Foto: privat  

Nyheter

- Malakoff Rockfestival er ein av landets største rockefestivalar, og ein folkefest med langt over 10.000 besøkande til Eid og Nordfjord. Då ønskjer vi at nye Stad kommune skal vere på plass der folk er, og syne fram litt av alt vi kan by på.

Det seier ordførar i Eid Alfred Bjørlo. Han vil saman med ordførar-kollega Stein Robert Osdal i Selje vere vertskap for utekontoret, som blir rigga til på Badstuplassen i Eidsgata.

- Vi kan love mykje moro for både store og små i Eidsgata desse dagane, seier ordførar Alfred Bjørlo.

- I år flyttar vi for fyrste gong BUA Eid til Eidsgata, slik at du på utekontoret kan få låne sports- og fritidsutstyr gratis gjennom Eid kommune si utlånsordning. Vi vil også slå eit slag for folkehelsa ved å arrangere «Boot Camp Stad» og yoga-økt på Badstuplassen. Onsdag og torsdag blir det ope lunsjtreff i Kulturhuset Gamlebanken saman med Stad Vekst for å fortelje om nytt i næringslivet i Stad.

Eit heilt spesielt innslag på utekontoret i år blir opning av Noregs fyrste badehotell for insekt på Badstuplassen, med avduking og opning tysdag 16. juli.

- Småkrypa må også ha eit tilbod om festivalcamp under Malakoff - alle skal vere velkomne til Nordfjordeid desse dagane, seier ordførar og insektbiolog Alfred Bjørlo.

Næringslivet i Stad kommune sitt felles næringsselskap Stad Vekst blir til stades på utekontoret onsdag og torsdag for å møte etablerar og andre som er nysgjerrige på kva som skjer i næringslivet i Stad. Eid Helsestasjon er på plass torsdag og fredag for å møte ungdom som skal på festival.

Stad kommune sitt utekontor vil også tilby aktivitetar for born, med teikne-konkurranse, leikar og aktivitetar i Eidsgata.

Fredag blir utekontoret vertskap for Malakoff Gatefestival, med konsertar og musikk. Mellom gjestane som kjem innom utekontoret denne dagen er bandet The Dogs, som skal gjennomføre ein seremoni som vil setje eit varig rocke-stempel på Eidsgata.

Vi gler oss - Eid og Stad Inviterer til tidenes Malakoff-veke!