Blir motivert til ny satsing av neste generasjon

Knutholmen har kjøpt bygget Sjøholt der dei no skal byggje 16 nye rom for utleige. Det er ei satsing til kring 10 millionar kroner.

Svein Inge Fosse er kjent for høgt energinivå. I ein alder av 65 år har han funne ny motivasjon i at borna engasjerer seg i utviklinga av Knutholmen. Her byr Fosse byr på kandissukker i den gamle landhandelen i tilknyting til Sjøholt, der Knutholmen skal bygge 16 nye rom for utleige. Ei satsing til kring 10 millionar kroner. Alle foto: Jørn-Arne Tomasgard 

Eg jobbar for familien.

Svein Inge Fosse
Nyheter

– Borna mine som involverer seg i drifta, motiverer meg til å satse og jobbe vidare. Det er veldig kjekt, seier Svein Inge Fosse, grunnleggjar av reiselivsverksemda Knutholmen i Kalvåg i Bremanger.