Har endra framdrifta for planen

Arbeidet med ny plan for det prehospitale området i Helse Førde tek noko lenger tid enn tidlegare tenkt. Tanken er å slutthandsame planen i styremøte 16. desember.

Arbeidet med ny plan for det prehospitale området i Helse Førde tek noko lenger tid enn tidlegare tenkt. Illustrasjonsfoto  

Nyheter

Med bakgrunn i innspel som har komme i prosjektet, har administrerande direktør Arve Varden avgjort å bruke noko meir tid på arbeidet med ein ny plan for det prehospitale området i Helse Førde. Slik det ser ut no vil utkast til plan bli sendt på høyring 26. september, etter at det er presentert for ordførarane i eit møte med politisk leiing i kommunar og fylkeskommune. Deretter vil det bli ein høyringsperiode på åtte veker før saka kjem til endeleg avgjerd i siste styremøte før jul.