Mann må i fengsel for å ha stole dykkarutstyr

Etter å ha stole utstyr til ein verdi av 340.000 kroner, er ein mann i 40-åra no dømd til fengsel i fem månader utan vilkår.

Ein mann i 40-åra er dømd til fengsel for å ha stole dykkarutstyr. 

Nyheter

Det var NRK Sogn og Fjordane som først omtala saka.

Mannen må også betale 16.800 kroner i erstatning til Frøy Vest. I tillegg blir bilen hans inndratt til dekning av erstatningskravet.



Mannen fekk betydeleg strafferabatt sidan han tilstod utan atterhald i retten. Ifølgje NRK var det først snakk om åtte månadar i fengsel som straff.

– Det viktigaste var at han fekk straffa si, og at verktøyet han nytta i lovbrotet, bilen, vart inndratt. Det gir viktige signal til både han, og samfunnet elles, seier politiadvokat Ingeborg Drægebø til NRK.

Forsvararen til den dømde mannen ville ikkje kommentere saka ovanfor NRK.

Som Fjordenes Tidende tidlegare har skrive vart mannen pågripen 17. mai på Gardermoen lufthavn då han kom tilbake frå utlandet.

I avhøyr erkjende mannen å ha tatt mykje dykkarutstyr frå den tidlegare arbeidsgjevaren, Frøy Vest AS. Ifølgje mannen hadde han lånt utstyret og skulle levere det tilbake.