– Hadde namn etter årepar

Ein davikar har følgande kommentar etter å ha lese reportasjen om feiringa av Claus Frimann i Fjordenes Tidende 5. juli:

Ein færing er vel som alle veit, ein robåt med to årepar. I dette høvet, syner det tydeleg at denne båten har fire par årar, og vert då kalla ein fyring, eller ein fireåring. skriv ein davikar. Foto: Kjell Askeland 

Nyheter

– Eine biletet syner presten i ein robåt. I teksten står det at han vart rodd i ein færing, kalla Jøsup. Ein færing er vel som alle veit, ein robåt med to årepar. I dette høvet, syner det tydeleg at denne båten har fire par årar, og vert då kalla ein fyring, eller ein fireåring. skriv davikaren.

Han understrekar vidare at robåtane som regel hadde nemning etter årepar.

– Ein færing hadde to årepar, ein seksæring tre, ein fyring fire, ein femkeiping fem, ein sekskeiping seks. Større robåtar var vel sjeldnare, og difor er det vel få eller ingen no som veit nemning om dei, avsluttar han.