To frakta til sjukehus

To personar er frakta til sjukehus etter ei trafikkulykke på riksveg 15 ved Indre Rød i Eid.

Illustrasjonsfoto: arkiv  

Nyheter

Bilen som skal ha vore involvert hamna på taket, og dei to personane i bilen kom seg ut medan nødetatane var på veg.

Dei to vart tekne hand om av helsepersonell og først køyrd til legevakta før dei vart frakta vidare til Førde sjukehus.  Politiet tek avhøyr i saka.

Politiet melde frå om ulykka 05.17 måndag, og då var det manuell dirigering på staden.