Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019:

Vil sette fokus på samferdsle i den nye kommunen

I ein artikkelserie som går gjennom heile sommaren og fram til kommunestyre- og fylkestingsvalet 9. september, vil Fjordenes Tidende presentere alle ordførarkandidatar og parti i kommunane vi dekker, samt partilistene på fylkesnivå.

Kinn Høgre: – Geografien er sjølvsagt ei utfordring. Samferdsel vil derfor vere eit hovudfokus. Båtruter og kystveg vil redusere denne utfordringa, seier Morten Hagen. 

Nyheter

Namn: Morten Andreas Hagen

Alder: 49

Bustad: Måløy (Kinn)

Yrke: politi

Ordførarkandidat Morten Hagen i Kinn Høgre seier geografi vil vere det mest utfordrande i Kinn, og meiner difor båtruter og kystveg må prioriterast.

– Kva er det beste med ditt parti?

– Høgre er eit parti som har tru på framtida. Vi har fokus på å tenke positivt og ønsker å satse for å skape vekst. Ei positiv folketalsutvikling er Høgre sitt hovudmål. Får vi til vekst vil det betre kommuneøkonomien og sikre betre tenester og gje oss moglegheiter til å satse. Høgre er eit parti der enkeltmennesket sine moglegheiter blir løfta fram og heia på. Høgre har også gjennom fleire periodar i Vågsøy og Flora vist at det vi har sagt det held vi. Høgre er et parti du kan stole på.

– Kvifor vil du bli ordførar?

– Eg har tru på Kinn. Eg trur på framtida og det å vere ordførar gjer meg moglegheit til å jobbe for at samfunnet rundt oss skal bli enda betre å bu i. Det er kanskje den mest spennande jobben nokon kan ha. Sidan eg engasjerte meg i politikken har det å utvikle kommunen vore mitt hovudfokus. Eg vil stå på for at Kinn skal bli ein god plass å bu for alle i heile kommunen. Eg er samtidig opptatt av å skape ein positiv trend i kommunen. Tenk om vi alle kunne valt å fokusere meir på alt det positive rundt oss i staden for å skrive avisinnlegg og Facebook-innlegg som berre er negative. Ein positiv kommune er attraktiv og det vil vere eit mål for meg å skape ei meir positiv haldning til kommunen.

– Kva er det første du vil gjere som ordførar?

– Det første vil vere å ta ei runde til alle skular, barnehagar og institusjonar. I Kinn vil det vere viktig å få god oversikt og det vil vere viktig for meg å snakke med dei som jobbar i kommunen. Det er dei som best kjenner eigne arbeidsplassar og der behova er.

– Kven vil ditt parti samarbeide med etter valet?

– Høgre vil vere opne for å samarbeide med forskjellige etter valet. Det viktigaste er at dei som skal styre Kinn er positive med tanke på framtida og dei moglegheitene som ligg i Kinn. Samtidig er det sjølvsagt viktig at vi er einige om dei viktige prioriteringane. Høgre er opptatt av å få til et samarbeid som kan vere tydeleg på prioriteringar og som gjennomfører det vi bestemmer. Det er også viktig at dei vi samarbeider med står for det vi er einige om og ikkje bryt avtaler. Valresultatet vil avgjere mykje sjølvsagt, og vi har ikkje bunde oss til noko parti på noverande tidspunkt.

– Kva blir det beste med Kinn kommune?

– Kinn kommune blir ein stor og spennande kommune i Vestland. Skal vi lykkast med noko av det viktigaste, nemleg å få folk til å både bli buande her og flytte hit, er politisk styrke i regionen viktig. Kinn har potensial til å vere ei stemme som blir høyrt. Det har dessverre vore vanskeleg å få gjennomslag for våre behov på kysten tidlegare. Dette må vi lykkast med og Kinn vil gje oss større moglegheit til dette. Politiske vedtak i Vestland vil påverke våre moglegheiter for vekst og utvikling. Kinn vil også bli ein sterk næringslivs kommune som har eit stort potensial. Samtidig har vi mange dyktige tilsette. Det er dei tilsette som er vår viktigaste ressurs og dei må vi ta vare på.

– Kva blir det mest utfordrande med Kinn kommune?

– Geografien er sjølvsagt ei utfordring. Samferdsel vil derfor vere eit hovudfokus. Båtruter og kystveg vil redusere denne utfordringa. Det er også ei utfordring å få alle til å trekke i same retning. Skal Kinn lykkes skikkeleg må alle politiske parti bidra.

– Kva likar du å gjere på fritida?

– På fritida er det barna som har fokus. Det å følgje opp eigne barn i forskjellige aktivitetar gir fritida meining. Eg er trenar for eit handballag, SIL United, som gir meg mykje positive opplevingar. Eg prøver også å trene sjølv. Eg prøver å finne tid til et par løpeturar i trimløypa i Måløy kvar veke. Det gir både avkopling og overskot å komme seg ut å trene. Tilbod på fritida er avgjerande for at innbyggjarane trivast.

– Kven ville du invitert med deg på jordomsegling?

– Det må bli familien. Det å gjere ting saman heile familien er viktig.

– Kva er ein perfekt kveld for deg?

– Ein kveld samen med familien. Kvar det er eller kva vi gjer er ikkje det viktigaste. Det kan vere ein tur på sjøen, på fjellet eller berre å sitte heime og prate.

– Kva høyrer du på i bilen?

– I bilen er det NRK Sogn og Fjordane som er innstilt på radioen. Det er mange kjekke program å høyre på, samtidig som det gir ei god oversikt over kva som skjer i fylket.

Partiet sine viktigaste saker:

Næringsutvikling. Tilrettelegging av næringsareal og bustadområde. Vere ein ja-kommune

Kvalitet i skulen og eldreomsorga, samt gjennomføre idrettsløftet (svømmehall, fotballhall og turnhall)

Halde kommunale avgifter lågast mogleg, inkludert eigedomsskatt

Slik ser heile Kinn Høgre si liste ut:

1 Morten Andreas Hagen 1970 Måløy

2 Vidar Grønnevik 1957 Florø

3 Arlene Oddbjørg Vågene 1975 Florø

4 Anett Berg 1973 Måløy

5 Hanne Ava Husebø Kristensen 1972 Florø

6 Bengt Solheim-Olsen 1968 Florø

7 Kristian Skibenes 1978 Måløy

8 Trine Merethe Hovland 1966 Eikefjord

9 Vebjørn Leite Olsen 1998 Florø

10 Ørjan Kvalheim 1974 Kvalheim

11 Linda Vika-Svard 1973 Deknepollen

12 Mats Brunsvik 1988 Måløy

13 Line Sundal 1974 Florø

14 Margunn Solstrand Belsvik 1967 Florø

15 Ingvar Torsvik Myrvollen 1968 Eikefjord

16 Oddgeir Madsen 1953 Florø

17 Thomas Haugnes 2000 Florø

18 Amund Gotteberg 1978 Måløy

19 Benedikte Svardal 1988 Florø

20 Thomas Ellingsen Tollåli 1992 Florø

21 Siv Madsen 1973 Florø

22 Bendik Hovland Liseth 1997 Storebru

23 Stig Arne Solheim 1972 Vågsvåg

24 Dag Henrik Nygaard 1994 Florø

25 Cecilie Udberg Helle 1974 Florø

26 Bjørn Tungevåg 1979 Måløy

27 Bente Olseth 1967 Måløy

28 Hallgeir Helland 1960 Florø

29 Bente Jørgensen 1963 Måløy

30 Einar Magne Jakobsen 1949 Florø

31 Marit Brandsøy 1973 Årebrot

32 Tor Magne Ege 1953 Stavang

33 Nikolas Eugen Berg 1998 Måløy

34 Runar Kleppe 1961 Florø

35 Kersti Halvorsen 1961 Florø

36 Peter Grinde Hollevik 2000 Florø

37 Sif KValheim Vorren 1974 Deknepollen

38 Bjørn Løkkebø Halsnes 1978 Florø

39 Margunn Marie Valvik 1962 Florø

40 Knut Einar Grønsberg 1986 Florø

41 Bjarte Haugnes 1964 Florø

42 Rikke Runderheim 1999 Måløy

43 Stein Anders Krakhellen 1979 Florø

44 Ola Anton Sveen 1951 Florø

45 Bjørn Erik Hollevik 1956 Florø