Fritidsbåt sokk på fem minutt

Ein fritidsbåt havarerte i Vågsfjorden rett sør for Måløy tysdag kveld. No ligg båten på 95 meters djupn. Bildet er eit illustrasjonsfoto og har ikkje noko med havariet å gjere.  

Nyheter

- Det tok fem minutt frå båten byrja å ta inn vatn til han sokk, fortel operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til Firda.no som er det mediet som rapporterte saka først.

Havariet skjedde i Vågsfjorden rett sør for Måløy tysdag kveld. No ligg båten på 95 meters djupne.

Om bord i båten var ein mann og ei kvinne på kring 60 år, skriv Firda. Dei rakk å ringe viia kystradioen, som igjen kontakta Hovudredningssentralen for Sør-Norge.

Ein tysk seglbåt som var i nærleiken berga dei to og tok dei med inn til Måløy.

Det vert oppretta ei sak for å prøve å finne årsaka til havariet.