Har du sommarferie? Det har hummaren også

For å ta vare på hummarbestanden er det innført strenge reglar for hummarfiske, opplyser Fiskeridirektoratet. Foto: Erling Wåge 

Nyheter

For å ta vare på hummarbestanden er det innført strenge reglar for hummarfiske, opplyser Fiskeridirektoratet.

Alle som skal fiske hummar må registrere seg før fisket startar. Dette gjeld både fritidsfiskarar og fiskarar som er registrerte i Fiskarmanntalet.

Hummar kan berre fangstast med teiner tilpassa hummarfiske. Får du hummar med anna reiskap må du setje hummaren tilbake i sjøen.

Det skal vere minst to fluktopningar i teina i tillegg til eit rømmingshol, som er halde lukka med nedbrybar bomullstråd.

Det er minstemål på hummar. Hummar som er mindre enn 25 centimeter lang må du setje ut att i sjøen.

Hummaren er freda store delar av året. Hummarfiskesesongen startar 1. oktober i heile landet.

Frå svenskegrensa til og med Sogn og Fjordane kan du fangste til og med 30. november.

I resten av landet kan du fangste til og med 31. desember.

Hummar med utvendig rogn er freda heile året.