Politiet tok hand om mann som vifta med kniv

Illustrasjonsfoto: Erling Wåge  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Torsdag kveld rundt klokka 22.30 vart politiet kontakta av personalet i ein butikk i Måløy. I området ved kassaapparatet var det ein mann som hadde med seg ein kniv som han vifta med. Betjeninga opplevde det heile som ubehageleg.

Tenesteleiar ved Vågsøy lensmannskontor, Nils Bakke, seier politiet rykte ut og fekk kontroll på mannen utan noko form for dramatikk.

Bakke seier det var to på jobb. Mannen hadde ikkje hadde truga nokon og han var roleg, men at årsaka til at ein tilsett ringde politiet var at dei opplevde situasjonen som ubehageleg.

Mannen vart teken hand om av helsepersonell.