Ferietid:

– Eg vil gi ei korg med jordbær til alle ferievikarar

Nyheter

Namn: Marte Nystøyl Lillebø

Alder: 27 år

Bustad: Ørsta, men kjem frå Vanylven

Sivilstand: gift, eit barn

Yrke: fagkoordinator ved bu og avlastning


– Kva planar har du for sommaren?

– Ingen store planar, då vi blei foreldre for fyrste gong i april. Men vi håpar på fint sommarvêr, og kanskje ein tur på hytta med svigerfamilien i Kvanndalen.


– Kva har du alltid med deg i kofferten?

– Solkrem, lesestoff og kvite T-skjorter som går til alt.


– Når slår feriekjensla inn for fullt?

– Feriekjensla slår inn når ein kan pakke vekk jobbveska, sove lenge og berre nyte dagane.


– Kva er ditt aller beste ferieminne?

– Somrane på besøk med besteforeldra mine på Hakallestranda, med overnatting i gammalt, retro hustelt i hagen i lag med søskenbarna mine.


– Kor hadde du reist med uavgrensa budsjett?

– Då hadde eg reist til Bora Bora!


– Kva kjendis ville du tatt med til ei aude øy?

– Lars Monsen, sidan han har gode overlevingstriks på lur.


– Kor ville du tatt med deg dine sommargjestar?

– Dei ville eg tatt med til Sæbø for å vise fram dei vakre fjella, Hoddevika og Refviksanden for dei nydelege strendene der, og ikkje minst Hakallegarden og middag på strandhuset.


– Blir du vêrsjuk om regnet høljar ned?

– Litt, spesielt om det høljar ned i vekevis. Då får eg ei kjensle av å ikkje få gjort det eg vil.


– Kva gjer du i hagen i sommar?

– Då plukkar eg jordbær frå jordbæråkeren vår, lukar bedd og plantar nye plantar. Elles nyt eg finvêret på terrassen vår.


– Kva fjelltopp er den finaste om sommaren?

– Nystøylhornet med utsikt mot Stadhavet og øyane i kring. Det er spesielt fint å få med seg solnedgangen herfrå.


– Kva serverer du helst ein sommardag?

– Valldaljordbær med vaniljesaus!


– Kva eldsjel fortener ein kurv med jordbær?

– Eg vil gi ei korg med jordbær til alle ferievikarar som står på deler av eller heile sommaren for at dei faste tilsette skal kunne få avvikle ferie. Det er utruleg mange flinke sommarvikarar der ute som gjer ein kjempejobb!