– Vegen er ein bremsekloss for næringsutvikling

– Hovudbodskapen vår var å setje fokus på det dårlege fylkesvegnettet i Nordfjord, seier Anfinn Sjåstad, ordførarkandidat for Stad Frp.

Då stortingsrepresentanten Bård Hoksrud (Frp) (nr. 2 frå venstre) og fylkesordførarkandidat for Frp Vestland, Terje Søviknes (t.h), var på besøk til Stad Frp, fekk dei mellom anna eit innblikk i den varierande vegstandarden som er fleire stader på fylkesvegnettet i Nordfjord, som til dømes fv. 620. Foto: Elisabeth Irene Hoel 

Nyheter

Skipstunnel, bru og vegstandard i ytre Nordfjord var tema då stortingsrepresentantane Bård Hoksrud og Terje Søviknes (Frp) besøkte Selje. Som døme vart fv. 620 nytta, og under besøket fekk representantane sjå den smale strekninga mellom Sandvik og Kjøde.