Er i gang med den største satsinga på fleire år

Din Bustad og Harpefossen Hyttegrend samarbeider om den største utbygginga på fleire år i hytteområdet ved skisenteret. 16 hytter og 20 leilegheiter er prosjektert.

Området Din Bustad og Harpefossen Hyttegrend er i ferd med å opparbeide ligg i nedre del, i framhaldet av eksisterande hytteområde, mot aust. Ifølgje Vegard Meland blir det «ski in – ski out» ovanfor parkeringsplassen til Ener-skiheisen. Foto: Jørn-Arne Tomasgard  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Vi har stor tru på dette og kjøper tre av hyttetomtene for å få prosjektet i gang.

Vegard Meland
Nyheter

Det om lag 35 mål store området der det no er i ferd med å bli bygd infrastruktur med veg, vatn og kloakk, ligg i nedre del av hytteområdet på Harpefossen, i framhaldet av eksisterande hyttefelt i retning mot Brekka. Det blir opparbeidd 16 hyttetomter i storleik frå cirka 1,0 til 1,4 mål. I nedre del av området er det planlagt 20 leilegheiter. Prosjektet har fått namnet Kviehogane Hyttefelt.