Har ikkje svart på grunn av ferieavvikling

Fylkeskommunen ventar framleis på uttale frå Vågsøy til klagen om oppdrettsanlegg utanfor Silda.

Anlegget som er gitt løyve til vil ligge utanfor Silda. Illustrasjon: Nordwest 3d 

Nyheter

For to månadar sidan bad Sogn og Fjordane fylkeskommune Vågsøy kommune om ein uttale til ei klage frå grunneigarar på Silda. Klagen omhandla løyvet som er gitt til det planlagde oppdrettsanlegget utanfor øya.